Matvarer

Foreldre uroa over sprøytemiddel-restar i frukt – etterlyser tydelegheit

Då Jeanette Sundøy Johansen blei mor, blei ho oppteken av kva sonen blei eksponert for gjennom maten. Undersøkingar viser at PFAS-eksponeringa i Noreg kan vere undervurdert.

– Det blir jo foreslått at vi skal ete mykje frukt og grønsaker, men då blir eg bekymra for sprøytemiddelrestane som potensielt finst på desse.

Det seier småbarnsmor Jeanette Sundøy Johansen, medan ho vaskar bæra ho snart skal severe til sonen sin.

Dersom ho ikkje får tak i økologisk frukt på butikken, har ho ein eigen rutine for korleis ho prøver å redusere sprøytemiddelrestar.

– Eg prøver alltid å vaske dei med vatn og natron. Eg veit ikkje kor mykje det hjelper, men eg tenker at det hjelper litt.

Småbarnsmora opplever at det er vanskeleg å vite kva som er trygt å servere.

Det er ho ikkje åleine om.

– Skremmande

Nyleg publiserte Folkehelseinstituttet (FHI) ei ny undersøking som viser at PFAS-eksponeringa i Noreg kan vere undervurdert.

PFAS er forkortinga på ei heil gruppe 

fluorerte stoff. Dei blir ofte kalla evigvarande kjemikal, fordi dei ikkje blir brotne ned i miljøet og kan hope seg opp i kroppen.

Kva er PFAS?

Vis meir

  • PFAS er ei forkorting for per- og poly-fluor-alkyl-stoff, som er ei stor gruppe fluorhaldige stoff.
  • Det finst over 7000 PFAS, som det er lite kunnskap om.
  • Stoffa blir ofte kalla «evigheitskjemikaliar» fordi dei er tunge å bryte ned i miljø og menneske.
  • Det varierer korleis vi får i oss PFAS, men det kan mellom anna vere gjennom mat, drikke eller i lufta.
  • Fordi ein del av stoffane finst overalt, så har så og seie alle menneske PFAS-ar i blodet.
  • Det er vist at nokre PFAS kan forstyrre immunsystemet.
  • Trifluoreddiksyre (TFA) eit lite undersøkt PFAS i menneske. Det har blitt funne i både jord, vatn og i mat.

Kjelde: Folkehelseinstituttet

I studiet blei PFAS-stoffet TFA funnen for første gong i blodprøvane til nordmenn.

Dette har fått småbarnsfar og matformidlar Kristoffer Gregersen til å reagere. På sin instagramplattform deler han bekymringane sine kring kva konsekvensar dette kan ha for barna, som er mindre og får i seg meir per kilo kroppsvekt.

– Jordbær, druer, rosiner og eple er nokre av barna sine favorittar. Felles for dei er at dei er blant fruktene som blir sprøyta mest, skriv han.

Vis mer

Relaterte Artikler

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Back to top button