
EU meiner Instagram og Facebooks design gjer brukarane avhengige. Samtidig kjempar teknologigiganten mot eit historisk milliardsøksmål i USA.
Du opnar Instagram for å sjå éin video.
Så startar den neste automatisk. Og den neste. Feeden tar aldri slutt. Varsla lokkar deg tilbake, og algoritmen serverer stadig meir innhald.
No vil EU-kommisjonen sette ein stoppar for den evige skrollinga.
Dei meiner Facebook og Instagram er utforma på ein måte som gjer oss avhengige, og krev at Meta endrar designet på plattformene.
Meiner hjernen blir sett i «autopilot»
– Forbrukarrådet og forbrukarorganisasjonar i Europa har åtvara mot desse mekanismane i årevis, seier Finn Myrsdad, fagdirektør i Forbrukarrådet, til NRK.



