
Videoar av den norske kokken i singlet som lagar kanelbollar og ostesmørbrød har sett fart i både sosiale medium og diplomatiet.
BOLLEDIPLOMATI: Sjefkokk ved den norske ambassaden, Eilif Røsok, saman med Anniken Huitfeldt og ein rykande fersk, norsk kanelbolle. Bileta er henta frå videoane som går viralt i sosiale medium.Foto: Skjermdump / Tiktok
– Vi ønskte å lage noko morosamt innhald til ambassaden sin konto, fortel Eilif Røsok.
Han er sjefkokk ved Noreg sin ambassade i Washington D.C.
Iført kvit singlet kan ein sjå Røsok lage mat som kanelbollar, ostesmørbrød med Jarlsberg og sashimi med norsk laks på Instagram.
Og det lèt til å vere innhald mange vil sjå.
Etter at Røsok begynte å figurere på ambassaden sin konto har talet på følgjarar tredobla seg, ifølge ambassaden sjølv.
Dei mest populære videoane er sett over 2 millionar gongar.
Stor konkurranse om merksemd
– Eg trur det er veldig bra bilete først og fremst. Vi har nokon fantastiske praktikantar som har filma og redigert, fortel Røsok om kvifor han trur videoane er blitt så populære.
Han trur også det er innhald folk kan relatere til.
– Det er morosamt, det er usnobbete mat og eg trur folk elskar å få eit lite innblikk «behind the scenes» og sjå kva som skjer på i eit ganske lukka miljø i ein ambassade.
Kokken fortel om stor konkurranse om merksemda i ein by som Washington D.C. Difor må ein kanskje vere litt ekstra kreativ om ein skal nå fram med sine bodskap.
Og innhaldet har treft spikaren på hovudet, skal vi tru Noreg sin ambassadør til USA, Anniken Huitfeldt.
– Videoane har blitt ein kjempesuksess, fortel ho.



