TeknologiMatvarer

Fann alvorleg sårbarheit i smartklokke for born

Norske Xplora får kritikk for dårleg tryggleik i eit av produkta sine. Dei siste åra har selskapet selt over 1,5 millionar smartklokker til born.

FALSK INFORMASJON: Ei sårbarheit gjer det mogleg å senda falsk informasjon frå ei smartklokke for born. Her har forskarar gjort nettopp det.Illustrasjon: Nils Rollshausen

Ei smartklokke for born frå det norske selskapet Xplora har ei alvorleg sårbarheit, har tyske forskarar oppdaga.

Sårbarheita inneber, ifølge forskarane, mellom anna at framande kan lesa meldingar, sjå bilete og høyra talemeldingar mellom born og foreldra deira.

Tyske forskarar ved TU Darmstadt har funne ut at alle klokkene av typen Xplora X6Play generasjon 1 nyttar nøyaktig same tryggleiksnøkkel.

Viss ein uvedkomande person får tilgang til den nøkkelen, kan dei få tilgang til klokka og få ho til å gjera kva dei vil, seier forskar og doktorgradskandidat Nils Rollshausen til NRK.

Ifølge forskaren må ein framand òg ha tilgang på identitetsnummeret på klokka, det såkalla IMEI-nummeret, men seier at det er lett å få tak i frå desse klokkene.

Vis mer

Relaterte Artikler

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Sjekk også
Close
Back to top button