
Ein av verdas største matbloggarar har fått milliontal på ferske videoar der han hyller norsk tradisjonsmat.
KLØR ETTER KRABBE: Mark Wiens var svært begeistra over å få vere med på krabbefiske og krabbemåltid i Kirkenes.Foto: Mark Wiens / Youtube
Mark Wiens i Noreg
- Mark Wiens er ein amerikansk mat- og reisevloggar, YouTube-profil og bloggar med base i Bangkok, Thailand.
- Han vart fødd 26. februar 1986 i Phoenix, Arizona, og har ein bakgrunn prega av internasjonal oppvekst – familien budde mellom anna i Frankrike, Kongo og Kenya.
- Han starta bloggen Migrationology i 2009 og har sidan utvikla seg til ein av verdas mest kjende matinfluensarar.
- På YouTube har han over 11 millionar abonnentar og fleire milliardar visningar.
- Innhaldet hans handlar om autentiske matopplevingar frå heile verda, og han er kjent for å vise fram lokale rettar og matkultur på ein engasjerande måte.
- Han har òg vore programleiar for TV-seriar som Food Affair with Mark Wiens på HBO Asia og Epic Food Journeys på National Geographic.
Mark Wiens er ein av dei største mat-influensarane i verda, blant anna med over 11 millionar følgjarar på Youtube.
Han har også blitt kjend gjennom ei rekke TV-program og seriar.
Nyleg var han i Noreg og meska seg med norsk tradisjonskost – noko han sette stor pris på.
Blant anna i Kirkenes der kongekrabbe gjekk ned på høgkant. Rett nok ein matrett som ikkje har lenger tradisjonar her i landet enn tilbake til 1977.
Då kom krabba snikande inn langs
kysten frå Murmanskfjorden. Først i 2002 starta det kommersielle fisket.
– Det var ei livsendrande krabbeoppleving. Om du elskar krabbe må du komme hit, seier Wiens i videoen frå Finnmark.
Tre videoar frå Noreg
Hittil har over 1,1 millionar sett videoen der Wiens framhevar både mat og hotell i Kirkenes.
– Influensarar som Mark Wiens er viktig for oss.
Det seier næringskonsulent i Sør-Varanger kommune, Eskild Bergersen, til NRK.
– Vi har sett større interesse for Finnmark og særleg Aust-Finnmark internasjonalt. Bloggarar kan hjelpe mykje med dette, meiner han.
Dei siste åra har mange kjende påverkarar funne vegen til Noreg.
Mark Wiens har i alt publisert tre videoar på Youtube frå sin tur til Noreg. I tillegg til Kirkenes, er både Svalbard og Oslo med.
Det har førebels ikkje lukkast NRK å få direkte kontakt med Wiens sjølv.
Visit Oslo opplyser at dei ikkje kjende til besøket og heller ikkje har vore med å finansiere det.



