
Det er fort gjort å gløyme frysaren, og ikkje minst gløyme kva du eigentleg har der. Men kan vi ete mat som har lege i frysaren sidan 2014?
KOR MYKJE ER ETANDE: Bård Ahlgren frå Skien har frysaren full av mat, men seier det er mykje gammalt snadder der.Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK
Kva i all verda kan dette vere? Kor lenge har eigentleg desse blåbæra lege i den arktiske sona i heimen?
Oi, langt der nede, under biffen ligg jammen nokre makrell eg fiska i fjor sommar.
Kjenner du deg igjen? Å ha hovudet halvvegs ned i frysaren kan kjennast som å tre inn i ein tidskapsel.
Heime hos Bård Ahlgren i Skien opnar vi den historiske kvelven. Men kor lenge held matvarene eigentleg?
– Her har vi pølser, mykje pølser. Nokre tomatar frå hagen, litt jalapenos. Her fann eg også ei biffgryte frå 2024, ler han.
Han grev enda djupare ned i den iskalde 200-litersskattekista.
– Her ligg det nokre suppebollar frå 2014, dei må vi teste, seier han svolten.



