NyheterOslobyTeknologi

Høgre utsett for cyberangrep

Seks dagar før valet har Høgre blitt ramma av eit cyberangrep. NSM har ikkje konkludert, men viser til at den antekne gruppa hevdar å står bak.

UNDER ANGREP: Erna Solberg er partileiar i Høgre, som er utsette for eit cyberangrep.Foto: Torstein Georg Bøe / NRK

Nettsida til Høgre blei tysdag utsett for eit dataangrep.

– Vi oppdaga at nettsidene våre var nede og varsla umiddelbart 

Nasjonal sikkerheitsmyndigheit, seier generalsekretær i Høgre, Tom Erlend Skaug.

Partiet meinte fyrst at det var den prorussiske aktivistgruppa NoName057 (16) som stod bak.

NSM meiner dei ikkje har konkludert om kven som står bak, men viser til at den prorussiske gruppa hevdar dei står bak i eigne kanalar.

NRK har sendt ei førespurnad til den russiske ambassaden for å få ein kommentar om påstandane om at den prorussiske gruppa står bak angrepet.

NSM: Har ikkje konkludert kven som står bak

– Det at nokon prøver å påverke den norske valkampen er svært alvorleg, men diverre ikkje overraskande, seier Ine Søreide Eriksen.

Ho viser til at både Forsvarets forskningsinstitutt (FFI), Etterretningstenesta og PST har åtvara mot valpåverknad i Noreg, og understrekar at vi ikkje må tru at vi er immune mot denne typen truslar.

Ine Marie Eriksen Søreide, stortingsrepresentant for Høgre og leiar av Stortingets utanriks- og forsvarskomité.Foto: NRK

I eit fråsegn tysdag ettermiddag opplyser NSM at dei blei kontakta av Høgre og orienterte om dei tekniske tiltaka driftsleverandøren sette i verk for å stanse angrepet.

– Tiltaka har hatt effekt, skriv direktoratet.

NSM understrekar at dei ikkje har konkludert med kven som står bak, men viser til at den prorussiske gruppa hevdar at dei står bak angrepet i eigne kanalar.

– 

Tenestenektangrep er 

lite teknisk avanserte og handlar ofte meir om å få merksemd enn å påføre skade, skriv NSM.

Eit cyberangrep

Ifølgje partiet skal det skal vere snakk om eit DDos-angrep.

Eit DDoS-angrep (Distributed Denial of Service) er eit dataangrep der nokon prøver å stenge ei nettside, teneste eller eit nettverk ved å sende altfor mykje trafikk frå mange smitta einingar, ofte kalla eit botsnett.

Tom Erlend Skaug er generalsekretær i Høgre.Foto: Christian Breidlid

Målet er å hindre vanlege brukarar å få tilgang.

Foreløpig er det ikkje noko som tyder på at andre delar av partiet er påverka.

Det var Dagens Næringsliv som skreiv om angrepet fyrst.

PST er orientert

Ifølgje Nettavisen er Politiets tryggingsteneste (PST) varsla.

– PST er rutinemessig orientert gjennom samarbeid i felles cyberkoordineringssenter. Utover det har vi ingen kommentar, opplyser seniorrådgivar Eirik Veum i PST til Nettavisen.

I sommar gjennomførte Europol og Eurojust ein internasjonal aksjon mot hackargruppa NoName057 (16).

Politi frå fleire europeiske land i tillegg til USA gjennomførte ein koordinert aksjon mot mistenkte og infrastruktur som tilhøyrer gruppa, skreiv Europol i ei pressemelding i juli.

Vis mer

Relaterte Artikler

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Back to top button