MatvarerNyheter

Frå osteørken til oase

Norsk ost hentar stadig heider for kvalitet og smak. Likevel kjøper nordmenn meir importert ost enn nokon gong.

Tim Reidar Stenberg på ostelageret til Hol ysteriFoto: Tordis Gauteplass / NRK

– Køddar du med meg?

Det var det første Christopher Sjuve tenkte då han på ei matmesse fekk smaka ein ost frå eit lite ysteri i Hol.

– Eg vart heilt slått i bakken.

Både at osten var laga av norsk geitemjølk og faktisk var tre år gammal, overraska den sjølverklærte oste-eksperten.

Christopher Sjuve elskar ost. Han et så mykje at han påstår at han blir mobba for det.Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Mathistorikar Sjuve manna seg opp og serverte ein bit av den norske geitosten til den italienske ambassadøren, som var noko skeptisk.

– Men så sa han noko som er det gjævaste du kan få frå ein italiensk ambassadør, nemleg:

– Den er nesten som parmesan.

– Betre blir det ikkje.

Vis mer

Relaterte Artikler

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Back to top button