Helse og LivsstilNyheter

Frisklivssentralane aukar livskvaliteten til deltakarane 

Illustrasjonsfoto (Mostphotos / Oleksandr Latkun)

Først publisert: 24.09.2025 Siste faglige endring: 24.09.2025

Tilboda i frisklivssentralane når dei rette gruppene og gir pasientane betre fysisk og psykisk helse, viser ein ny rapport frå Helsedirektoratet. 

Rapporten Arbeidet i og effekt av tilbodet i kommunale frisklivssentralar, som er laga på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet, konkluderer med at frisklivssentralane er eit kostnadseffektivt verkemiddel mot ikkje-smittsame sjukdomar. 

Mange nordmenn har kroniske sjukdomar som diabetes, kols, hjarte- og karsjukdomar, muskel- og skjelettplager og psykiske lidingar. I tillegg aukar delen som har overvekt og fedme – faktorar som gir høgare risiko for dårleg helse og livskvalitet. 

– Mange av desse helseutfordringane kan førebyggjast og handterast dersom den enkelte får god rettleiing og støtte. Rapporten viser at dei kommunale frisklivssentralane når høgrisikogrupper og personar med samansette helseutfordringar, og er eit effektivt tilbod som vi meiner bør styrkjast, helsedirektør Cathrine M. Lofthus  

God oppfølging og betre kondisjon 

Rapporten er ein del av eit oppdrag om å greie ut nye oppfølgingsmodellar for «grøn resept» – altså at fastlegar gir rettleiing om kosthald, fysisk aktivitet og/eller røykeslutt som eit alternativ til eller tillegg til medikamentell behandling for visse pasientgrupper. Fastlegen kan følgje opp pasienten sjølv eller i samarbeid med frisklivssentralen. 

– Rapporten viser at deltakarane i tilboda ved frisklivssentralane oppnår gode resultat, seier Lofthus  

– Dei rapporterer om betre livskvalitet og positive endringar i fysisk og psykisk helse etter deltaking, og at dei får god støtte til å endre levevanar. Det viser seg i form av betre kondisjon, redusert KMI og midjemål – faktorar som til dømes reduserer risikoen for å utvikle diabetes, seier Lofthus. 

Foreslår å styrke frisklivssentralane 

Frisklivssentralane har potensial til å styrkje den helsefremjande og førebyggjande innsatsen i kommunehelsetenesta. Helsedirektoratet foreslår mellom anna følgjande tiltak som bør vurderast: 

  • Styrke helsetenester som gir støtte til endring av levevanar og meistring av helseutfordringar for vaksne og eldre.
  • Styrke samarbeid mellom frisklivssentralar, fastlegar, NAV, spesialisthelsetenesta og andre aktørar.
  • Utvikle modellar for interkommunalt samarbeid og digitale behandlingstilbod. 
  • Informere betre om tenesta.

– Det er avgjerande at helse- og omsorgstenesta vert dreidd mot meir førebygging. Gjennom frisklivssentralane kan vi hjelpe deltakarane til å gjere endringar i levevanar som gir betre helse for den enkelte. På samfunnsnivå vil ei friskare befolkning gi store innsparingar i helsebudsjetta, seier Lofthus.

Vis mer

Relaterte Artikler

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Back to top button