MatvarerNyheter

VM-gull til norsk whisky

Whisky frå Drammen fekk gullmedalje i World Whiskies Awards 2026.

Norsk whisky hevda seg internasjonalt då enkeltmannsdestilleriet Haavaldsen Distillery i Drammen fekk gull i World Whiskies Awards 2026.Foto: Heiko Junge / NTB

– Dette er ei stor anerkjenning, både for meg personleg og for norsk whisky. Det viser at også små, handverksbaserte produsentar kan hevde seg heilt i toppen internasjonalt, seier Ståle Haavaldsen Johnsen i ei pressemelding.

Han er mannen bak enkeltmannsdestilleriet Haavaldsen Distillery i Drammen. Haavaldsen Johnsen byrja å lage whisky først i 2020.

Det var Haavaldsen Gneis’ Single Cask 5 år er tildelt gullmedalje i den internasjonale prisutdelinga.

I tillegg til gullmedaljen, vart Gneiss kåra til Noregs beste single cask single malt i konkurransen.

Gneiss er Haavaldsens første fem år gamle whisky. Produksjonen er avgrensa til 250 flasker à 70 cl. Modninga har skjedd over tre og eit halvt år på ny amerikansk eik, etterfølgd av halvtanna år på ex-bourbonfat.

Vis mer

Relaterte Artikler

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Back to top button