TeknologiNyheter

Skal ha ført pasient­journal i Teams – no granskar Data­tilsynet saka

Helseaktøren Ecura skal ha ført pasientjournal i Microsoft Teams. Statsforvaltaren ser alvorleg på saka.

KOLLASJ: Utdrag frå bekymringsmeldinga frå Statsforvaltaren.Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Den private helseaktøren Ecura Bo og Habilitering skal ha brukt 

Microsoft Teams til å føre pasientjournal i Hareid og Kristiansund kommune, trass i at det ikkje er laga for å vere eit journalsystem.

Ifølgje bekymringsmeldinga frå Statsforvaltaren skal mellom anna opplysningar om tvang ha blitt ført her, og Microsoft Teams skal ha blitt brukt som ein tilleggsjournal til det journalsystemet dei vanlegvis bruker.

Det kjem fram i to bekymringsmeldingar frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, datert 18. november og 9. desember i fjor.

Fungerande områdedirektør hos Statsforvaltaren, Grete Teigland, seier at dei er uroa for om pasientopplysningane er godt nok sikra.

– Det er jo reglar for korleis helseopplysningane skal arkiverast og dokumenterast. Vi er ikkje sikre på om Teams er eit sikkert nok verktøy for denne typen informasjon.

Teigland seier at dei ikkje er rette instans til å vurdere lovlegheita ved dette, og at dei derfor har sendt det vidare til Datatilsynet.

– Vi sende bekymringsmeldingane fordi vi er usikre på om dette er i tråd med krava, og ønskjer derfor at rette myndigheit skal vurdere det.

Ho seier at dei ser alvorleg på denne saka.

Vis mer

Relaterte Artikler

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Back to top button