Her øver kommunen på cyberangrep: – Det er heile tida ein trussel

Nyleg bad tryggleiksdirektøren i Noreg små bedrifter om å styrke den digitale beredskapen sin. I dag trente Molde kommune på eit framtidig cyberangrep.
Truslane om cyberangrep frå framande makter har blitt eit stadig heitare tema dei siste åra. Både sjukehus, energiselskap, norsk luftfart og kommunar opplever at ukjende går til angrep.
Onsdag trente Molde kommune på å handtere situasjonen, dersom datasystema skulle bli sett ut av spel av eit større cyberangrep.
– Vi er heile tida angripne med små angrep, men som blir stoppa av systema våre. Det er heile tida ein trussel, eigentleg kvar dag, seier beredskapsleiar Toril Berg om kvardagen i ein middels stor kommune.
– Som kommune må vi vere førebudd på at eit datainnbrot og andre digitale angrep kan ramme oss, seier beredskapsleiar Torill Berg.
Ni av ti er urolege for sabotasje
Det er mange som fryktar at dei skal bli utsette for sabotasje.
PST har åtvara om at norsk infrastruktur er utsett, seinast i den nasjonale trusselvurderinga for 2025.
NRK fortalde nyleg at ni av ti nordmenn er i forskjellig grad bekymra for at kritisk infrastruktur i Noreg kan bli utsett for sabotasje.
Det viser ei ny undersøking.



