Teknologi

Datasenter-boom skaper ufred blant naboar

Dette er historia om kva som skjer når 79 datasenter møter eit hundre år gammalt regelverk.

Datasenter-boom skaper ufred blant naboar

Dette er historia om kva som skjer når 79 datasenter møter eit hundre år gammalt regelverk.

Publisert 18. nov. kl. 05:20 Oppdatert 18. nov. kl. 10:20

Håvard Nyhus– JournalistJournalist

Saka oppsummert:

Vis meir

Siste oppteljing viser at det er 79 datasenter i Noreg – heilt i tråd med vyane til regjeringa om å skape konkurransedyktige vilkår for ein vekstindustri med lågt karbonavtrykk.

Men når datasenterstrategien støyter mot den 100 år gamle lova om konsesjonskraft, har det dukka opp eit par uventa konsekvensar:

  1. Den oppmuntrar kraftkommunane til å bruke meir kraft.
  2. Den forstyrrar fordelinga av kraftinntekter.

I denne saka gjer vi greie for 2008-vedtaket om å definere datasenter som noko anna enn «industri», og eit verkemiddelapparat som strevar med å stokke beina. Prisen betaler gode naboar.

I Sirdal tar dei vare på den gode naboskapen ved å vere rause og sjenerøse i staden for å følge lovteksten slavisk

Det er ein tysdag i november og det surklar og krafsar i bekker, oppdrettsanlegg og turbinar.

Gjennom bilvindauget glir bedehus, Joker-butikkar, grustak, merdar og vindturbinar forbi.

Og eit datasenter i ei gamal gruvesjakt.

Digitaliseringsminister Karianne Tung (Ap) er på rundreise i Sogn og Fjordane, og turen har komme til Lefdal Mine Datacenter under fjorden utanfor Måløy.

Dei siste åra har vekslande regjeringar rydda unna praktiske, tekniske og juridiske hinder som står i vegen for utbygginga, og denne månaden blei datasenter nummer 79 registrert.

Heilt i tråd med visjonen om at Noreg skal vere det beste vertskapet i verda for kritisk digital infrastruktur med lågt karbonavtrykk.

Men aldri så godt at det ikkje er vondt for noko.

Dette er historia om kva som skjer når 79 datasenter støyter mot ei hundre år gammal solidaritetsordning som heiter «konsesjonskraft».

Kortversjonen er at kollisjonen fører til ufred og dårleg stemning blant det som var gode naboar.

Den lange versjonen er at det også kan gå bra. Det får du høyre meir om heilt nedst i saka.

Vis mer

Relaterte Artikler

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Back to top button