NyheterHelse og Livsstil

Sparte helsetenestekostnadar ved auka fysisk aktivitet

Ein ny helsekalkulator gjer det mogleg å rekne ut sparte kostnadar i helsetenesta dersom fleire aukar sitt fysiske aktivitetsnivå.

– Kalkulatoren gir gode estimat på sparte helsetenestekostnadar, og viser at auka fysisk aktivitet kan vere eit viktig verkemiddel for å møte dei utfordringane helsetenesta står ovanfor i åra som kjem, seier helsedirektør Cathrine M. Lofthus i Helsedirektoratet.

Du finn kalkulatoren her

Helsedirektoratet har oppdatert kalkulatoren for berekning av friske leveår (DALYs), basert på fleire nye rapportar. Den inkluderer no heilt nye tal som estimerer sparte helsetenestekostnader og redusert sjukdomsbyrde ved auka fysisk aktivitet i befolkninga.

Når ei gruppe menneske aukar aktivitetsnivået for å betre livskvaliteten og blir friskare, kan dei vinne fleire friske leveår i eit livsløpsperspektiv. Dette kan samstundes gi lågare kostnadar for helsetenesta – både for stat, kommune og kvar enkelt av oss.

Mykje å spare

Nedanfor er tre døme på estimerte gevinstar, i friske leveår og sparte helsetenestekostnadar, dersom eit visst tal personar i ulike aldersgrupper aukar aktivitetsnivået. 54 % av helsetenestekostnadane blir betalt av staten, 32 % av kommunen og 14 % av den enkelte.

Tal personarAlder (år)Endring i aktivitetsnivåVunne friske leveår i eit livsløp (DALY)Potensielt sparte helsetjenestekostnadar (millioner kr/år)
20030Inaktiv* – Fysisk aktiv **2 1387
1 00050Inaktiv – Delvis aktiv***7 30040
30 00060Delvis aktiv – Fysisk aktiv205 8001 529

Vis i fullskjerm

* Vanlegvis ein stillesitjande kvardag, lite aktivitet
** Kan vere 20 minutt dagleg rask gange
*** Kan vere 10–15 minutt dagleg roleg tur

– Vi håpar kalkulatoren blir eit nyttig verktøy for kommunar og andre som ynskjer å anslå samfunnsgevinstar av tiltak som fremmar fysisk aktivitet, seier Lofthus.

– Kva meiner vi med friske leveår?
– Fleire friske leveår betyr at ein er mindre sjuk i arbeidsfør alder, og friskare og meir sjølvhjelpen som eldre. Kalkulatoren bygger på ein rapport som vurderer effekt av fysisk aktivitet på ni ulike sjukdomar og dødelegheit. Estimata er konservative, svarar Lofthus.

I tillegg kjem umiddelbare helsegevinstar som:
• Redusert blodtrykk
• Betre blodsukkerregulering og søvn
• Positive effektar på angst og stress
• Betre muskel- og skjeletthelse
• Auka kognitiv funksjon

Vis mer

Relaterte Artikler

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Back to top button